BrassWind 2024 - 20-årsjubileum
I år er BrassWind 20 år, og festivalen har hatt gleda av å presentere 162 urframføringar sidan oppstarten i 2004. Årets festival finn stad over fire dagar, og ein får moglegheita til å høyre konsertar i Grieghallen, Johanneskirken, Kulturhuset i Bergen og Nykirken.
I år er BrassWind 20 år, og festivalen har hatt gleda av å presentere 162 urframføringar sidan oppstarten i 2004. Årets festival finn stad over fire dagar, og ein får moglegheita til å høyre konsertar i Grieghallen, Johanneskirken, Kulturhuset i Bergen og Nykirken.
BrassWind er ein årleg musikkfestival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler med messing-, treblås– og slagverksbesetning. Under festivalen møtest profesjonelle musikarar, dirigentar, komponistar, og nyskapande korps- og amatørmusikarar under same tak. Under Barnas BrassWind får også barn og unge i dei lokale skulekorpsa moglegheita til å skape ny musikk. Som resten av BrassWind for elles, skal publikum utsetjast for «annerleis» konsertar der programmeringa byr på opplevingar ein ikkje får til vanleg.
Årets festivalkunstnar er Sarah Belle Reid. Ho er ein amerikansk utøvar og komponist som spelar trompet, modulær synthesizer og ei stadig veksande samling av handlaga elektroniske instrument. Den unike musikalske stemma hennar utforskar skjeringspunkta mellom moderne klassisk musikk, eksperimentell og interaktiv elektronikk, visuell kunst, støymusikk og improvisasjon.
NB:
Før-konserten med Manger Musikklag i Grieghallen 26.09 er gratis.
Elektro-workshop for barn og unge i Nykirken 29.09 er gratis.
Billettar til konserten med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen 26.09 blir kjøpt gjennom nettsidene deira. Festivalpasset omfattar derfor IKKJE denne konserten.
https://harmonien.no/program/2024/9/carmina-burana/
Vil du vite meir om festivalen? Sjekk ut desse linkane:
Waiver
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.